I dag leste jeg dette:
http://www.seher.no/kjendis/det-er-delte-meninger-om-forandringen-80816
Så her er et teaterstykke jeg har skrevet som en hyllest til Fotballfrue og Jon Fosse. Det er ikke så veldig langt. Håper dere liker det.
NOKON KJEM
TIL Å RINGE
I
På
verandaen ved eit staseleg kvitt hus i vene Siljan sitt ein mann og
ei kvinne. Dei har eit glass rosa vin kvar. Ho er i slutten av
20-åra, blond, blid og slank. Han er fotballspelar.
HAN
muntert
No er vi her.
HO
Ja
HAN
No er vi her
HO
Du gjentek deg sjølv.
HAN
Kviskrar
No er vi her
HO
Ja.
HAN
Åleine saman
HO
Nei, vi er ikkje aleine
HAN
Er vi ikkje?
HO
Nei
HAN
Er vi ikkje?
HO
Slutt å gjenta deg
sjølv.
HAN
Forsiktig
Men vi er jo her,
åleine saman
HO
Nei, vi er ikkje det,
vi har ei dotter óg
Ho berre ligg og søv
Ho ligg der inne og søv
Inne i huset
Ho har ny outfit i dag
Vi har ei dotter óg
HAN
Kviskrar
Vi har ei dotter óg.
HO
No gjentek du meg óg.
HAN
Vi er åleine saman med
dotter vår
Vi og så ho óg
Ho
Ja
Men nokon kjem til å
ringe
Han
Ingen kjem til å ringe
HO
Fortvila
Nokon kjem til å ringe
HAN
Nei, vi er her åleine
saman med dotter vår
Ho ligg der inne og søv
Ho har ny outfit i dag
HO
Bestemt
Eg vil at nokon skal
ringe
Pause
Men eg vil ikkje at
nokon skal ringe
Det er rart med det
HAN
Ja, det er rart med det
Eg vil også at nokon
skal ringe
HO
Protesterande
Det vil du ikkje.
Du seiar at du vil at
nokon skal ringe
Men det vil du ikkje
HAN
Bedande
Eg vil at nokon skal
ringe meg
HO
Eg trudde du ville være
her
åleine saman
HAN
Trøystande
Ingen kjem til å ringe
HO
Nokon kjem til å ringe
Nokon ringer alltid
HAN
Men vi er jo her
åleine saman
åleine saman med
dotter vår
som ligg der inne og
søv
Ho har ny outfit i dag
Vi har jo
han bryt seg av, ser
fortvila på henne
Kven
kjem til å ringe
HO
Eg
veit berre at nokon av dei
vg,
dagbladet, tv2
eller
dagens næringsliv
Nokon
kjem til å ringe
ringe
og ringe
og
ikkje gi seg
HAN
stryk ho over det
ljose håret
Kanskje
dei ikkje ringer denne gongen
Sukkar
Kanskje
dei er snille denne gongen
Kanskje
dei ikkje veit
at
du har blitt blond att
kanskje
ikkje denne gongen
No
er det bare meg og deg
og
ho
HO
Nokon
kjem til å ringe
om vi går inn i huset
kanskje
nokon ringer
om vi går inn
då
ringer dei
Ho reiser seg og går
inn i huset.
II
Dei
står i stuga og ser ned på ein Iphone6 som ligg på stugebordet. Ho
pustar djupt og knyttar nevene.
HO
Kviskrar
Nokon kjem til å ringe
Dei ringar no
Ringar
Og dei gir seg ikkje
HAN
Spørjande
Har du hugsa å lade telefonen
så den ringer
når dei ringer
elles kan dei ikkje
ringa deg
Kanskje nokon kjem til å ringe
Eg veit ikkje
HO
Plutseleg
anklagande
Du sa dei ikkje ville ringe
Kvifor spør du om eg har straum
på telefonen
hvis du ikkje tror dei vil ringe
HAN
Ser
ned
Eg berre spyrde
Ingen kjem til å ringe
men kanskje dei er snille denne gongen
eg veit ikkje
Telefonen
ringer og dei skvett både to
HO
Nokon ringer
HAN
Ja
Ho
tar telefonen.
SJÅ&HØYR
Hei
HO
Hei
SJÅ&HØYR
Vi ringar berre
Vi ringar deg
berre
for å høyre
kva slags reaksjonar
lesarane,
dei som les bloggen,
Kva for reaksjonar
har du fått
på forandringa
HO
Eg har fått
delte
reaksjonar
SJÅ&HØYR
Kor lang tid tok den,
behandlinga
tok den lang tid
behandlinga
HO
Det tok berre ein dag
SJÅ&HØYR
Berre ein dag
HO
Berre ein dag
SJÅ&HØYR
Var den
sponsa
behandlinga
HO
Ja
det var ho
Ho
legg på. Blir ståande med armane langs sida. Han går bort og tar
ho forsiktig på skuldra.
HAN
Kviskrar
Nokon ringde.
Ho
snur seg brått, går og stillar seg attmed vindauget. Ser ut.
III
Han kjem ut frå
huset. Sett seg på trammen. Gjømmer anletet i henda og sukkar
djupt.
HAN
Nokon
ringde
Ho
svara
Dei
var ikkje slemme
Ikkje
denne gongen
Men
dei
bryr seg ikkje
om
oss
Eg
trur ikkje dei bryr seg
om
at vi er her
åleine
Ikkje
heilt åleine
Ikkje
åleine saman
For
vi har no ho
ungen
Åleine
saman
Eg
og ho og ungen
Nokon
kjem til å ringe
Kvifor
ringer ingen meg?
Han ser opp, ser tomt ut i lufta. Ho kjem ut av huset, sett seg attmed han på
trammen. Løfter eine handa og stryk han på kinnet. Lang pause.
Teppe
Hilsen Marit
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar